Pan European Game Information

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pan European Game Information
Remove ads

Pan European Game Information (PEGI) er eit system for aldersmerking av dataspel som blir brukt i Europa. Det er utvikla av Interactive Software Federation of Europe (ISFE) og vart nytta for fyrste gong i april 2003. PEGI-systemet blir i dag brukt i over 30 land, inkludert Noreg.

Kjappe fakta Skipa, Hovudkontor ...
Thumb
Etiketten for spel som inneheld stygt språk.

PEGI-systemet bruker fem etikettar for å merkja dataspel etter kva aldersgruppe dei kan eigna seg for:

Thumb
Thumb
Thumb
Thumb
Thumb

Etikettane ligg både på fram- og baksida av omslaget til dataspelet. Aldersmerkinga tek ikkje omsyn til vanskegraden i eit dataspel. Den noverande designen på etikettane vart introdusert i 2010, der kvart aldersmerke fekk fargekodar. Aldersgrensene 3 og 7 har grøn bakgrunn, 12 og 16 har gul og 18 har raud. Før dette hadde alle aldersmerka svart bakgrunn.[1] I Portugal kom systemet for aldersensur av filmar i konflikt med standardmodellen til PEGI, og to av alderskategoriane hjå PEGI vart følgjeleg endra i Portugal; 3 (endra til 4) og 7 (endra til 6).

I 2008 var 50% av spela som PEGI har vurdert merkte med aldersgrensa 3. 10% var merkte 7, 24% var merkte 12, 12% var merkte 16 og berre 4% var merkte 18.[2]

I tillegg til aldersetikettane finst det òg spesifikke etikettar for ulike typar innhald i dataspel som kan verka støytande, til dømes vald, erotikk og grovt språk.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads