People for the Ethical Treatment of Animals

From Wikipedia, the free encyclopedia

People for the Ethical Treatment of Animals
Remove ads

People for the Ethical Treatment of Animals (PETA) er ein internasjonal dyrevernsorganisasjon. Han blei grunnlagd i 1980 i Norfolk i den amerikanske delstaten Virginia av Ingrid Newkirk, som framleis er leiar, og Alex Pacheco.

For SI-prefikset, sjå Peta.
Kjappe fakta Type, Skipa ...

Laget arbeider etter slagordet «dyra er ikkje til for at me skal å eta, ha dei på oss, eller bruka dei til underhaldning».[1] Dei kjemper mot fire hovudsaker: Industrilandbruk, pelsoppdrett, dyreforsøk og dyr som underhaldning. Dei engasjerer seg og mot mishandling av kjæledyr, hjelp for lausdyr og drap av det som blir rekna som skadedyr.[2] PETA driv kennelar for herrelause husdyr og føretek undersøkingar rundt behandling av dyr som dei så gjev ut, gjerne som reklame, oppfordrer til veganisme og utfører demonstrasjonar og markeringar. Nokre handlingar frå PETA-medlemmer har vore svært ekstreme, som trakassering av folk dei meiner står bak dyreplageri.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads