PlayStation 4

From Wikipedia, the free encyclopedia

PlayStation 4
Remove ads

PlayStation 4 (offisielt forkorta som PS4) er ein spelkonsoll frå Sony Computer Entertainment. Han vart avduka 20. februar 2013 under ein pressekonferanse som etterfylgjaren til PlayStation 3 og lansert i fjerde kvartal 2013.

Kjappe fakta Produsent, Type ...

PlayStation 4 var den fyrste spelkonsollen frå Sony til å stø x86-64 prosessor-arkitektur, og gjekk seg dermed bort frå Cell-arkitekturen som var i PlayStation 3. Bakgrunnen for dette var å gjera det lettare å utvikla dataspel for den nye konsollen, og med det trekkja til seg fleire dataspelutviklarar. Andre viktige spesifikasjonar til maskinvara er 8 GB minne av type GDDR5 og raskare Blu-Ray-lesar.

Av nye applikasjonar og tenester planlegg Sony å gje ut ein PlayStation App, som lèt eigarar av PS4 bruke smarttelefonar og nettbrett som sekundær skjerm for å utvide moglegheitene når ein speler. Selskapet planlegg også å lansera Gaikai, ei nettsky-basert teneste som kan tilby spel og innhald som kan lastast ned frå internett. I tillegg aukar fokuset på sosial speling ved å implementera ein dedikert knapp for deling av innhald på handkontrollen, som mellom anna kan dela innhald frå dataspel mellom vener.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads