Paleó Fáliro
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Paleó Fáliro (gresk Παλαιό Φάληρο, tyder Gamle Fáliro) eller Palaio Faliro, eldre former Palaion Faliron eller Paleon Faliron, er ein kommune i dei sørlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.[2] Området ligg søraust for Aten og Pireus og er kjend for å ha dei strendene som ligg nærast Aten.
Området bestod tidlegare av jordbruksområde, men mellom 1920- og 1930-åra vart det kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustadområde igjen. Området er åslendt og har nokre åstoppar som går austover til fjellet Ymittós.
Paleó Fáliro har strender langs Saroniabukta. Lystbåthamna (Marína Alímou) ligg i søraust, medan Trokaderóhamna ligg i nordvest.
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kjelde
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads