Pampas

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pampas
Remove ads

Pampas (gjennom spansk frå quechua, 'slette') er namnet på eit tørt, grasdekt sletteområde i Sør-Amerika. Pampasen ligg hovudsakleg i Argentina mellom Rio Negro, Atlanterhavet, munningen av La Plata, Rio Paraná og Chaco, men strekkjer seg også inn i Uruguay og i Rio Grande do Sul i Brasil.

Thumb
Pampas i Rio Grande do Sul.
Foto: Alex Pereira
Thumb
Typisk pampas
Foto: Ulfl
Thumb
Utbreiinga av pampasen i Sør-Amerika.

Pampaslandet er gammal havbotn som blei heva i tertiærtida og dekt av veldige elveavleiringar. Oppå desse blei det tilført løsslag av steppevindane. Dei øvste delane av pampasen er rikt innsette med humus og er dermed svært fruktbare. Overflata er jamn og klimaet mildt. Årleg nedbør er på rundt 500–900 mm og er størst ved kysten. Vintrane er tørre og har ein månadstemperatur mellom 8 og 25 °C.

Pampasen er eit økonomisk kjerneområde for Argentina. Både klima og jordsmonn passar godt for vekstar som kveite, mais, lin, soyabønner, potet og vindruer. Kveghald er også viktig. Ein held store flokkar som tradisjonelt blir gjeta av gauchoar, og har stor kjøtproduksjon.

Remove ads

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pampas

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads