Pandokrátor
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pandokrátor (gresk skrift Παντοκράτωρ), stundom Pantocrator, er eit fjell nord på Kérkyra i Hellas. Med ei høgd på 906 moh er Pantokrátor det høgaste fjellet på øya. Frå toppen kan ein sjå heile Kérkyra og Albania, som berre ligg like innanfor øya. På særleg klåre dagar kan ein sjå heilt til Italia, som ligg 130 km borte.
Det går ein smal veg til toppen der det ligg ein kafé for turistar, ein kommunikasjonsstasjon og eit kloster. Det første klosteret på staden var angevinsk, bygd i 1347, men dette vart øydelagd rundt 1537. Den noverande kyrkja kjem frå 1689, og den noverande fasaden vart bygd på 1800-talet.
Remove ads
Galleri
- Frå toppen
- Kommunikasjons-
stasjonen
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mount Pantokrator» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
- Utsyn frå Pantokrátor Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads