Panír

From Wikipedia, the free encyclopedia

Panír
Remove ads

Panír (hindi/marathi पनीर [panīr]; panjabi ਪਨੀਰ [panīr]; en. paneer) er ein tørr og saltfri ferskost som er mykje bruka i indisk mat. Blant buddhistar som et berre laktovegetarisk kost er panír ei av hovudkjeldene til proteinar i kosthaldet. Panír er bruka i karrirettar og er òg populær å rulle deig kring og steikje. Den usalta panír-osten er ein allsidig ingrediens som kan brukast til å laga både middagsretter, småretter og søtsaker med.

Thumb
Ság panír karri med panír, spinat og andre grøne blad (t.d. kløver el. sennepsblad).
Remove ads

Framstilling

Ein finn vanlegvis panír til sals i indiske og pakistanske matvarebutikkar, men det er òg vanleg å laga panír sjølv heime. For å laga panír treng ein mjølk og litt syre vanlegvis anten litt sitronsaft eller litt sitronsyre utrørt i vatn (½ ts sitronsyre utrørt i 2 msk vatn til 1 l mjølk). Kok opp mjølka under stadig røring, tilset syra litt etter litt og rør ho inn. Når mjølka byrjar å skilje seg i kvit ostemasse og gulaktig myse, slå av varmen, dekk over og lat stå i 34 minutt. Hell ostemassen i eit osteklede, tak saman endane og vri ut mest mogleg av væska mens du held ostekledet under rennande vatn. Form osten medan han enno er i ostekledet og legg osten med ostekledet ikring under ei tung vekt i 23 timar.

Remove ads

Bruk

I motsetnad til andre ostar, smeltar ikkje panír ved vanlege koke- og steikjetemperaturar, og panír er difor populær i mange indiske varmrettar slik som panír matar (panír med erter), panír makhanvala (panír koka i ghee (klåra smør)) og panír burdji smuldra panír-karri). To av dei mest populære rettene i nordindisk kokekunst er pálak panír (panír- og spinatkarri) og ság panír (panír-, spinat- og t.d. kløver- el. sennepsblad-karri).

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads