Paradis skole
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Paradis skole er ein barneskule på Paradis i Fana bydel i Bergen. Han ligg i Statsminister Michelsens veg 55 og vart først oppført i 1882. Eit nytt bygg, som sidan vart Fana gymnas, vart bygd i 1916, teikna av Erling Ross. Dagens bygg vart oppført i 1939 etter teikningar av Georg Fr. Fasting. Fram til 1967 heitte denne skulen Storetveit skole.

Under krigen vart Storetveit skole først nytta for innkvartering av den deporterte folkesetnaden frå Telavåg og fungerte resten av krigen som reservehospital.
Skulen har kring 500 elevar.
Remove ads
Kjelder
- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Bergen Skolemuseum
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads