Fars
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fars (farsi استان فارس, Ostān-e Fārs) òg kjend som Pars eller Persia[2] i historisk samanheng, er ein av 31 provinsar i Iran og kjend som kulturhovudstaden i landet. Han ligg sør i landet i Region 2,[3] og det provinshovudstaden er Shiraz. Han dekkjer eit areal på 122 400 km². I 2011 hadde provinsen 4,6 millionar innbyggjarar, der 67,6 % budde i urbane strøk, medan 32,1 % budde på landsbygda eller i landsbyar. 0,3 % av innbyggjarane var registrerte som nomadar.[4] Fars er det opphavlege heimlandet til persarane.[5] Namesoga til ordet «persisk» (frå latinsk Persia, frå gresk Persis) kjem av at denne regionen var historisk viktig og går att i mange oldtidsnamn tilknytt Iran.[6]
Remove ads
Administrativ inndeling
Fars ligg sør i Iran og grensar til Bushehr-provinsen i vest, Hormozgan i sør, Kerman og Yazd-provinsen i aust, Isfahan-provinsen i nord og Kohkiluyeh og Buyer Ahmad i nordvest. I dag er provinsen vidare delt inn i følgjande fylka: Abadeh, Sarvestan, Jahrom, Eqlid, Rostam, Estahban, Darab, Nayriz, Bavanat, Larestan, Qir and Karzin, Khorrambid, Lamerd, Kazerun, Fasa, Firuzabad, Zarrin Dasht, Mamasani, Shiraz, Marvdasht, Sepidan, Arsanjan, Pasargad, Kavar, Khonj, Farashband, Gerash, Kharameh og Mohr.
Remove ads
Klima
Det er tre ulike klimaregionar i Fars. Fjellområda i nord og nordvest har moderate, kalde vintrar og milde somrar. Dei sentrale områda har relativt milde og regnfulle vintrar og varme, tørre somrar. Dei sørlege og søraustlege områda har kalde vintrar med varme somrar. Middeltemperaturen i Shiraz er 16,8 °C, og varierer mellom 4,7 °C og 29,2 °C.[7]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads