Paul Bocuse

fransk kokk From Wikipedia, the free encyclopedia

Paul Bocuse
Remove ads

Paul Bocuse (11. februar 192620. januar 2018) var ein namngjeten fransk meisterkokk, mellom anna kjend for å ha skipa den uoffisielle verdsmeisterskapen i finare kokkekunst, Bocuse d’Or, som gjeng føre seg i byen Lyon i Frankrike annankvart år.

Thumb
Restauranten til Paul Bocuse i Collonges-au-Mont-d'Or
Kjappe fakta

Paul Bocuse, som ofte vart omtala som berre Monsieur Paul, vart fødd i Collonges-au-Mont-d'Or i nærleiken av Lyon. Ha døydde i same huset som han vart fødd i, der han også hadde restauranten sin, L'Auberge du Pont de Collonges. Her hadde faren òg hatt sin serveringsstad, før Paul Bocuse innreia sin elegante restaurant i dette «herberget». Restauranten er i dag sett på som ein av heilagdomane for den franske kokekunsten («un des temples de la cuisine française»). Men han har òg vore leiar for ei mengd restaurantar og snøggmatrestaurantar i både Lyon og andre stader i verda, og har dessutan vore lærar for mange kokkar som har hatt suksess. Dessutan har han vore forfattar av bøker om kokkekunst og matlaging.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads