Paul Foot
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Paul Mackintosh Foot (8. november 1937–18. juli 2004) var ein britisk undersøkjande journalist og mangeårig medlem av Socialist Workers Party (SWP). Han var utdanna ved University College i Oxford. Han vart med i International Socialists, som var føregangaren for SWP då han jobba som fersk reporter i Glasgow på 1960-talet. Frå 1972 til 1980 skreiv han for Socialist Worker, partiavisa til SWP, før han gjekk over til Daily Mirror. Han forlet the Daily Mirror i 1993 då avisa nekta å trykke artiklar som var kritiske til avisa si leiing. Han var med å stifte magasinet Private Eye og har skrive for The Guardian.

I 1977 stilte han som kandidat for SWP i Birmingham. Frå 2001 og utover stilte han som kandidat for Socialist Alliance, ei valallianse me mellom anna SWP og Communist party of Great Britain, ved fleire høve. I 2002 kom han på tredjeplass i valet til ordførar i bydelen Hackney i London, og slo dermed kandidaten frå liberaldemokratene. Han stilte som kandidat for RESPECT i valet til EU-parlamentet i 2004.
Paul Foot var son av Hugh Foot, seinare Lord Caradon, som var guvernør på Kypros under kampen om sjølvstende mot Storbritannia på 1950-talet. Frå 1964 til 1970 representerte Hugh Foot Storbritannia i FN. Paul Foot var nevøen til Michael Foot, tidlegare leiar av det britiske arbeidarpartiet Labour.
I 1972 og 1989 fekk Paul Foot prisen som Årets journalist i What The Papers Say Awards, han vann George Orwell sin journalistpris i 1994 og han vart vald som Campaigning Journalist of the Decade i 2000 av British Press Awards.
Remove ads
Kjelder
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
- Nekrolog frå the Independent Arkivert 2004-07-24 ved Wayback Machine.
- Nekrolog frå BBC
- Private Eye
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads