Paul Samuelson
amerikansk økonom From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Paul Anthony Samuelson (15. mai 1915–13. desember 2009) var ein USA-amerikansk økonom frå Gary i Indiana, USA som fekk Nobelprisen i økonomi i 1970. Han var utdanna ved Harvard-universitetet i 1930-åra, der han vart sett på som eit vedunderbarn og mellom anna hadde Joseph Schumpeter og Vassilij Leontief som lærarar. Han fekk derimot professoratet sitt ved MIT.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
I verket sitt Foundations of Economics frå 1947 reformulerte han heile den nyklassiske teorien i matematiske termar, og leverte seinare omfattande bidrag innan dei fleste områda av økonomifaget, mellom anna innan statisk og dynamisk likevektsteori, produksjons- og konsumentteori og handelsteori. Læreboka hans, Economics, frå 1948 er utan tvil den mest kjende og lesne læreboka i økonomi, og har seinare kome i nesten 20 utgåver og seld i millionar av eksemplar.
Samuelson var òg i alle år konsulent i økonomiske spørsmål for private og offentlege instansar og leverte, mellom anna gjennom faste spalter, eit utal innlegg om økonomiske spørsmål til ulike tidsskrift.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads