Paul von Hindenburg
tysk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Paul von Beneckendorff und von Hindenburg (2. oktober 1847–2. august 1934) var ein tysk generalfeltmarskalk og statsmann. Han var den andre presidenten for Tyskland (Reichspräsident) frå 1925 til han døydde i 1934.
Remove ads
Biografi
Bakgrunn og tidleg virke
Hindenburg var fødd i Posen (Poznan) som son av den uradelege prøyssiske offiseren og godseigaren Robert von Beneckendorff und von Hindenburg og kona hans, legedottera Luise, fødd Schwickart.
Etter utdanning ved kadettskulane i dagens Legnickie i Polen og i Berlin, blei Hindenburg offiser i den prøyssiske hæren. Som ung løytnant kjempa han i slaget ved Königgrätz i 1866 under den austerriksk-prøyssiske krigen og deltok i den fransk-prøyssiske krigen 1870-1871. I 1893 blei han regimentssjef, i 1897 generalmajor, 1900 generalløytnant og sjef for 28. infanterifordeling i Karlsruhe, i 1903 sjef for 4. armékorps i Magdeburg, og i 1905 general i infanteriet. Han pensjonerte seg frå hæren i 1911, men vende tilbake til aktiv teneste ved utbrotet av første verdskrigen i august 1914.
Hindenburg gifta seg med Gertrud von Sperling (1860–1921) i 1879. Dei fekk tre born: Irmengard Pauline (1880), Annemaria (1891) og Oskar (1883).

Første verdskrigen
Etter tyske tilbakeslag i Aust-Preussen i august 1914, like etter utbrotet av den første verdskrigen, blei Hindenburg utnemnd til sjef for 8. tyske armé som kjempa her, med Erich Ludendorff som stabssjef. Dei vann avgjerande sigrar over russarane ved Tannenberg og Dei masuriske sjøane. Hindenburg blei så sjef for alle tyske troppar på austfronten og generalfeltmarskalk. Frå 1916 var han sjef for den tyske generalstaben med Ludendorff som næraste medarbeidar, og verka frå då av særleg på vestfronten. Han tok avskjed i 1919.
Politikar

I 1925 blei Hindenburg vald til rikspresident som samlingskandidat for dei konservative. Han ville ikkje la seg bruka til ein monarkistisk restaurasjon, og regjerte i samsvar med det skiftende riksdagsfleirtalet. I 1932 blei han gjenvald med knapt fleirtal framfor Adolf Hitler. Han nekta å godta Hitler som rikskanslar, men gjekk med på at han blei visekanslar, noko Hitler avslo. 30. januar 1933 blei Hitler, etter påtrykk frå Franz von Papen, tilboden stillinga som rikskanslar, og snart var makta heilt gått over til han. Hindenburg sat som president til han døydde død. Erindringane hans Aus meinem Leben kom ut i 1920 medan Briefe, Reden und Berichte blei gjeven ut i 1934.
Remove ads
Minne

Hindenburg blei gravlagd i ein sarkofag i eit stort monument i Tannenberg i Austpreussen. Monumentet blei ødelagd av russarane i 1945, men sarkofagane til Hindenburg og kona hans var blitt frakta derifrå i mars same året. Dei blei gravlagde att i Marburg an der Lahn vest i landet.
Zeppelinaren «Hindenburg» var kalla opp etter han, og Æreskrossen er populært kjend som Hindenburgkrossen.
Remove ads
Skrifter
- Aus meinem Leben. Hirzel, Leipzig 1920.
- Briefe, Reden, Berichte. Herausgegeben und eingeleitet von Fritz Endres. Langewiesche-Brandt, Ebenhausen 1934.
- Geleitworte schrieb Hindenburg zu Heinrich Beenken (Hrsg.): Was wir verloren haben. Entrissenes doch nie vergessenes deutsches Land. Zillessen, Berlin 1920 und zu Gerhard Schultze-Pfaelzer: Von Spa nach Weimar. Die Geschichte der deutschen Zeitenwende. Grethlein & Co, Zürich 1929.
- Hindenburgs Testament, Verlag von Hoursch & Bechstedt, Köln, o. J., Digitalisat
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads