Peder Cappelen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Peder Cappelen
Remove ads

Peder Juel von Cappelen (24. januar 176311. mars 1837) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann. Han var fødd i Skien, der faren mellom anna var skipsreiar og sagbrukseigar. Didrich von Cappelen var bror hans.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Cappelen lærte kjøpmannskap i utlandet og hos far sin i Skien. I 1784 tok han borgarskap på Strømsø i Drammen, godt hjelpen av ein større formue i farsarv. Denne formuen auka han med stor handel i trelast og annan grossisthandel. Han kjøpte i 1795 Eidsfos Jernverk, 1801 Jarlsberg verk og seinare Kongsberg jarnverk.

I 1808 fekk Cappelen bygt Austad gård i Skoger, etter seiande ved hjelp av svenske krigsfangar, og budde der i mange år. Han tok initiativet til å få bygt den fyrste brua over Drammenselva, ho vart bygd 1812-13. Til universitetet gav han 10000 riksdalar. Under den økonomiske krisa 1817-20 skal Cappelen ha vore den einaste storkjøpmannen i Drammen med solide finansar.

Cappelen var 1. representant frå Drammen til Stortinget 1815-16. Han var medlem av sju komitear, mellom dei om land-, skog- og bergvesen, om utskiping og om kjøpstad i Grimstad.

Cappelen vart tildelt Medaljen for borgardåd. Han døydde på Eidsfoss i 1837.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads