Peder Fauchald
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Peder Jensson Fauchald (21. september 1791–22. november 1856) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann. Han var representant for Kristians amt (Oppland) frå 1830 til 1851.
Fauchald var fødd på garden Faukald i Østre Toten, og var gardbrukar der frå 1814 til 1825. Han flytta då til garden Sogstad i same heradet og budde der resten av livet, med unnatak for to år (1840-41), då han budde på garden Nøkleby i Vestre Toten.
Han var valmann frå 1817 og forlikskommissær. Fauchald vart 1838 vald til fyrste ordførar i Østre Toten. Seinare skjøtta han verv som amtsrevisor.
Fauchald vart vald inn på stortinget åtte gongar, ved fem av vala var han fyrste representant for amtet. På seks av tingsamlingane sat han i den viktige valkomiteen. Han var elles med i fleire andre komitear, mellom anna ei rekke gongar i justiskomiteen.
Fauchald var 1845 medlem av riksretten som dømde i saka mot statsråd Jørgen Herman Vogt, sjefen for Finansdepartementet. Vogt vart frikjend.
Remove ads
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914
- Biografisk informasjon om Peder Fauchald ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
