Piggfinnefiskar

orden av strålefinna beinfiskar From Wikipedia, the free encyclopedia

Piggfinnefiskar
Remove ads

Piggfinnefiskar er ein orden ekte beinfiskar som omfattar over 7000 artar; rundt 40 % av alle fiskar ein kjenner til. 2000 av desse lever i ferskvatn, mellom anna åbor og dei fleste ciklidar. Elles held mesteparten av medlemmane i gruppa til i kystnært saltvatn. Gruppa er mellom dei yngste beinfiskane, og dukka opp i krittida. Det er usemje om systematikken hennar.

Kjappe fakta
Thumb
Gråsteinbit
Thumb
Gul åbor

Namnet sitt har piggfinnefiskane fått på grunn av dei spisse finnestrålene mange av dei har fremst på rygg- og gattfinnane sine. Det er som regel to ryggfinnar. Bukfinnane består vanlegvis av ein pigg og opp til fem mjuke finnestrålar. Brystfinnane sit vanlegvis på sida av fisken, bak gjellene. Feittfinnar har dei ikkje.

29 familiar er registrerte i norske farvatn:

  • Åborfamilien
  • Havåborfamilien
  • Djuphavsåborfamilien
  • Ørnefiskfamilien
  • Sugefiskfamilien
  • Taggmakrellfamilien
  • Havbrasmefamilien
  • Havkarussfamilien
  • Mullefamilien
  • Leppefiskfamilien
  • Silfamilien
  • Fjesingfamilien
  • Havgjeddefamilien
  • Trådstjertfamilien
  • Makrellfamilien
  • Sverdfiskfamilien
  • Luvarfamilien
  • Kutlingfamilien
  • Fløyfiskfamilien
  • Tangkvabbefamilien
  • Steinbitfamilien
  • Hornkvabbefamilien
  • Langebarnfamilien
  • Tangsprellfamilien
  • Ålekvabbefamilien
  • Snyltefiskfamilien
  • Svartfiskfamilien
  • Multefiskfamilien
  • Barracudafamilien
Remove ads

Kjelder

  • Gjøsæter, Jacob: «Piggfinnefisker» i Norges dyr (Cappelen 1992)
  • Moen, Frank Emil & Svensen, Erling (2003): Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna
  • Perciformes på FishBase


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads