Pri Gan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pri Gan (hebraisk skrift פְּרִי גַּן, tyder 'Frukthage'), òg kalla Prigan, er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Shalom-området nordvest i Negevørkenen og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 123 innbyggjarar.
Moshaven vart grunnlagd i 1981 av tidlegare innbyggjarar i Priel, ei israelsk busetjing på Sinai, som vart evakuert som eit ledd i den egyptisk-israelske fredsavtalen. Hovudnæringa er dyrking av grønsaker og blomar.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads