Perunikabreen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Perunikabreen
Remove ads

Perunikabreen (Lednik Perunika) er ein omtrent halvmåneforma isbre aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis.

Kjappe fakta Land, Stad ...

Han grensar til Pliska Ridge i sør-sørvest, Nesebar Gap i sør, Wörner Gap i aust, og Bowles Ridge i nord-nordaust. Han flyt nordvestover mellom Burdick Ridge og Bowles Ridge, så nord for Rezen Knoll før han snur vest-sørvest og til enden av Emona Anchorage mellom Bulgarian Beach og Pimpirev Beach.

Thumb
Enden av breen.

Det er mange bresprekkar i den nedre delen av breen, som får istilførsel frå Balkan snømark og frå delar av innlandsisen på øya som ligg vest for Hemus Peak og Gurev Gap og sør for Saedinenie snømark.

Thumb
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Isbreen vart kartlagd av spanske Servicio Geográfico del Ejército i 1991, den nedre delen i større detalj. Bulgarar kartla enden av Perunikabreen på ny sommaren 1995-96; og igjen i 2005 og 2009 under den bulgarske topografiske undersøkinga Tangra 2004/05.

Perunika er namnet på ein landsby i Rodopifjella sør i Bulgaria.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads