Peter Elieson

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Peter Elieson (29. desember 17707. juni 1833) var ein norsk gardbrukar, embetsmann og stortingsmann.

Kjappe fakta

Elieson var frå Hafslund i Skjeberg i Østfold. Frå han var sju år gammal vart han oppfostra hos ein morbror, Johan Collett, i København. Han vart student i 1787 og byrja studere jus. Han gav opp studiane etter eit par års tid, og kjøpte i 1792 storgarden Evje i Rygge.

Elieson var 3. representant frå Smaalenenes amt i 1821 og på det overordentlege stortinget året etter. Både i 1821 og 1822 var han sekretær i Lagtinget. I 1821 var han medlem av 14 komitear, mellom anna av konstitusjonskomiteen og av komiteen om brennevinsbrenninga på landsbygda. Han var elles medlem av riksretten 1821-22.

I 1831 vart Elieson postmeister i Moss og busette seg der i byen. Der døydde han to år seinare. Han var far til John Elieson.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads