Peter Erskine

amerikansk musikar og trommeslagar From Wikipedia, the free encyclopedia

Peter Erskine
Remove ads

Peter Erskine (fødd 5. juni 1954 i Somers Point i New Jersey) er ein amerikansk trommeslagar. Han vert rekna som ein av dei mest allsidige og mest brukte jazztrommeslagarane dei siste tiåra.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Thumb
Peter Erskine (2008)

Erskine byrja å spele trommer som fireåring. 18 år gamal vart han med i Stan Kenton sitt storband og tre år seinare kom han inn i storbandet til Maynard Ferguson. I 1978 tok han over som trommeslagar i Weather Report og spelte med dei til han slutta i 1982. Same år gav han ut det første albumet under sitt eige namn; han kalla det ganske enkelt for Peter Erskine (1982).

Erskine har utmerkt seg som ein musikar som kan fungere innanfor mange ulike sjangrar. Han har spelt i storbanda til Bob Mintzer og Kenny Wheeler, og han har spelt i mindre akustiske grupper med mellom andre Diana Krall og Jan Garbarek. I tillegg til Weather Report, var han medlem av fusiongruppa Steps Ahead og Marc Johnson sitt band Bass Desires. Han har også spelt pop/rock med Steely Dan og Rickie Lee Jones. Som studiomusikar har han delteke på over 400 album, og han har gjeve ut ti plater med eigne band.

Lesarane av magasinet Modern Drummer, dvs. andre trommeslagarar, har åtte gonger kåra Erskine som beste jazztromeslagar.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Peter Erskine
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads