Petra Vogt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Petra Vogt, gift Kandarr, (20. august 1950–12. mars 2017) var ein tysk friidrettsutøvar frå Halle an der Saale som tevla for Aust-Tyskland. Ho vart trifaldig europameister under EM i friidrett 1969 i Aten.
Remove ads
Aktiv
Vogt var akkurat fylt 19 år då ho under friidretts-EM i Aten i 1969 vann både 100 meter, 200 meter og 4x100 m stafett. På 200 m slo ho landsmannen Renate Meißner på sølvplass med tre hundredals sekund, og bronsevinnaren med fire hundredels sekund. Stafettgullet vann ho saman med Bärbel Podeswa, Renate Meißner og Regina Höfer.
Under europameisterskapen i 1971 i Helsingfors kom ho på sjuandeplass på 100 m og fekk ein sølvmedalje på 4x100 meter stafett. Tre år seinare vart ho nummer åtte på 200 m i EM i friidrett 1974 i Roma.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Petra Kandarr» frå Wikipedia på tysk, den 26. august 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads