Phleng Chat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Phleng Chat (เพลงชาติ) er nasjonalsongen til Thailand, teken i bruk den 10. desember 1939. Teksten er skriven av Luang Saranupraphan medan Phra Chen-Duriyang (Peter Feit, son av ein tysk innvandrar) skreiv melodien.
Songen blei til få dagar etter statskuppet i 1932, og blei kringkasta for første gong i juli det året. Khun Wichitmatra skreiv dei opphavlege orda. I 1939 blei namnet på landet endra frå Siam til Thailand, og det blei utlyst ei tevling om å skapa nye ord til teksten. Luang Saranuprapan sitt bidrag vann. Statsminister Phibunsongkhram gav ordre om at songen skulle spelast kvar dag klokka 8.00 og 18.00, då alle måtte stå for å markera respekt. Denne loven gjeld framleis, og thaiane står, om ikkje to gonger til dagen, men som regel når nasjonalsongen blir spelt.
Remove ads
Tekst med transkripsjon
Remove ads
Norsk omsetjing
- Thailand er bygd opp av kjøtet og blodet til thaiane
- jorda i fedrelandet høyrer heilt til barna
- der har dei budd frie i lang tid
- alle thaiar ønskjer å forbli samla
- dei søkjer fred, men vik ikkje unna frå strid.
- Dei lét ingen leggja dei under seg
- men ofrar sin siste drope blod for landet
- og vinn landet ein skinande siger.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads