Pica d'Estats
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pica d'Estats (fransk Pique d'Estats) er eit fjell i Pyreneane på grensa mellom Spania og Frankrike, og det høgaste fjellet i Catalonia med i høgd på 3 143 meter.
Toppen ligg i det katalanske distriktet Pallars Sobirà og det franske departementet Ariège. Fjelelt består av tre toppar, som ligg svært nær kvarandre. Den sentrale toppen er 3 143 meter høg, den vestlege toppen, eller Pic de Verdaguer, er 3 131 m, og den austlege toppen, eller Punta Gabarró er 3 115 m høg. Ryggen går langs den spansk-franske grensa i ein nord-nordvest til søraust retning.
Den første klatringa av fjellet vart gjort 1864 av Henry Russell og Jean-Jacques Denjean.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads