Pickin' Up the Pieces av Poco

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Pickin' Up the Pieces er debutalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco, gjeve ut i 1969.[1] Det var eit av dei første albuma med countryrock. Fleire av songane her er datert attende til dagane då Richie Furay spelte i Buffalo Springfield. Ei tidleg utgåve av «What a Day» kom ut i den sjølvoppkalla plateboksen til Springfield i 2001.

Meir informasjon Poco-kronologi ...

Bassisten Randy Meisner speler på albumet, men slutta i bandet før albumet kom ut. Meisner vart sint då Furay nekta han å få høyre på den ferdige miksen av albumet, sidan det berre var Messina og Furay som hadde arbeidd med å mikse det. Biletet av Meisner vart fjerna frå plateomslaget og erstatta av ein hund lengst til venstre på biletet. Bass-spelinga og korvokalen hans vart verande att i miksen, men solovokalen hans vart fjerna og erstatta med vokalen til George Grantham.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I meldinga si for Allmusic kalla Bruce Eder albumet «ei oppsiktsvekkjande god plate, like meisterleg som nokre av platene til Buffalo Springfield, og kan samstundes minne om The Beatles og The Byrds. Blandinga av feststemde songar, kjappe instrumentalar, og den generelle rosenraude kjensla, gjer dette til ein flott introduksjon til bandet, i tillegg til eit landemerke for countryrocken, men likevel ikkje like viktig (men utan tvil meir morosam enn) Sweetheart of the Rodeo[1] Robert Christgau skreiv «Fint og lukkeleg, men skuffande med tanke på kven som speler på albumet.»[2]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Produksjon

  • Produsent: Jim Messina
  • Lydteknikar: Terry Donovan
  • Arrangør: Nick DeCaro
  • Fotografi: Frank Bez

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads