Pico Almanzor
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pico Almanzor er det høgaste fjellet sentralt i Spania. Det ligg i Sierra de Gredos i provinsen Ávila og er 2592 meter over havet. Det består av granitt. Fjellet vert òg kalla Pico de Almanzor og Moro Almanzor.
Remove ads
Historie
Fjellet har fått namn etter Al-Mansur (arabisk for «den sigrande»). Al-Mansur Ibn Abi Aamir var ein general og statsmann i det muslimske Spania seint på 900-talet. Muhammad bin Abi Amir var det verkeleg namnet hans, men maurarane i Spania gav han tittelen Al-Mansur etter sigane hans over dei kristne.
Under dei mange felttoga hans passerte Al-Mansur nær dette fjellet og vart slått av kor vakker det var.
Pico Almanzor vart første gong klatra i september 1899 av M. González de Amezúa og José Ibrián. Espada, Ontañon og Abricarro utførte den første vinterklatringa i 1903. I 1960 vart ein meterhøg jarnkross plassert på toppen.
Remove ads
Sjå òg
- Circo de Gredos
Bakgrunnsstoff
- «Almanzor». peakware.com.
- «Almanzor». summitpost.org.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

