Pied Piper av Donovan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pied Piper er det 20. studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Albumet er det tredje albumet med barnemusikk som Donovan gav ut, etter For Little Ones-delen av A Gift from a Flower to a Garden og HMS Donovan. Pied Piper vart gjeven ut 19. mars 2002.
Remove ads
Historie
Etter at Sutras vart det einaste albumet til Donovan på Rick Rubin-selskapet American Recordings, slutta Donovan å skrive ny musikk. Han fokuserte på å opprette ei nettside og lage sitt eige plateselskap, Donovan Discs. Donovan byrja å skrive ein sjølvbiografi og leite etter studioopptak i arkiva til plateselskapa.
Samstundes gav Beat Goes On Records ut mange av Donovan sine album i Storbritannia. Mange av desse albuma hadde vore ute av opplag etter at dei først kom ut på vinyl. I kombinasjon med å velje ut sjeldne album klarte Beat Goes On Records å selje dei i USA som importplater. Desse utgjevingane inkluderte barneplatene For Little Ones (frå A Gift from a Flower to a Garden) og H.M.S. Donovan.
Etter desse utgjevingane tok Rhino Records-selskapet Music for Little People kontakt med Donovan for å høyre om han ville lage ei barneplate til. Donovan spelte inn nye songar og nye versjonar av mange av barnesongane sine for albumet Pied Piper. Namnet på albumet og tittelsporet kom frå Jacques Demy-filmen The Pied Piper, der Donovan hadde spelt Pied Piper. Albumet kom ut i samband med det nye selskapet til Donovan, og vart den første utgjevinga på Donovan Discs.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Pied Piper (Donovan album)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2011.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads