Piniós i Thessalía

From Wikipedia, the free encyclopedia

Piniós i Thessalía
Remove ads

Piniós (gresk Πηνειός), òg kalla Pineios og Peneus, er ei elv i Thessalía i Hellas. Elva er kalla opp etter guden Penevs, men har dei siste 1000 åra som regel vorte kalla Salambria.

Sjå òg Piniós på Peloponnes.
Kjappe fakta Land, Lengd ...

Piniós renn frå Píndosfjella og munnar ut i Egearhavet nordaust for Témbi, nær Stómio. Ho dannar eit stort delta, som er kjend for vakker natur og mange dyreartar og som er verna av internasjonale miljøvernsavtalar. Ho har ei lengd på 216 km og har kjelde nord i Píndosfjella, aust for Métsovo. Metéoraområdet og byane Tríkala og Lárisa ligg ved Piniós. I 1960-åra vart det bygd ein motorveg mellom Aten og Thessaloníki i Témbidalen, men dette øydela ikkje det spesielle miljøet.

Slagskipet «Piniós» er kalla opp etter elva.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads