Bekfuru

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bekfuru
Remove ads

Bekfuru (Pinus rigida)[1], også kjend som pitchpine, er eit furuslag som høyrer heime i det austlege Nord-Amerika. Det kan trivast på ulik jordsmun, og får ei høgd på 6-30 meter. Bekfuru har god motstandskraft mot skogbrann. Den tjukke barken vernar stammen mot brannskadar. Om trekruna vert øydelagd, kan det vekse nye skot rett frå stamma.

Kjappe fakta
Remove ads

Trevirke

Sjølv om bekfuru ofte er krokete, og det kan vekse fleire stammer frå same rot, har trevirke vorte nytta til mange formål. Veden inneheld mykje harpiks, og er tung, hard og dermed slitesterk. Bruksområde har vore jernbanesviller, props i gruvegangar, og skipsbygging. Colin Archer brukte Pich Pine til garnering i polarskipet «Fram». Nokre av dei tidlege redningsskøytene hadde kjøl av bekfuru. Trevirket som har vore i handelen som Pitch Pine har og kome frå andre amerikanske furuslag, særleg Longleaf Pine (Pinus palustris).

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads