Pityusarane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pityusaranemap
Remove ads

Pityusarane (katalansk Illes Pitiüses; spansk Islas Pitiusas, frå gresk πιτύα, pitýa, furu) er namnet på to av øyane i Balearane i Spania, Ibiza og Formentera, i Middelhavet.

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Øyane ligg om lag 100 km sørvest for Mallorca og om lag 80 km aust for Cap de la Nau på det spanske fastlandet.

I antikken vart øyane kalla Pityussa av Klaudios Ptolemaios. Øyane vart nytta som base for sjørøvarar. Den romerske generalen Annius dreiv dei bort med ein stor flåte og med dei den romerske opprøraren Quintus Sertorius, som søkte tilflukt her.

Furuøyane vert rekna som ein del av Balearane, men stundom rekna som ei eiga øygruppe. Politisk er dei uansett ein del av den autonome regionen Balearane.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads