Pizzo Coca
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pizzo Coca er ein 3 052 meter over havet høg fjelltopp i Bergamoalpane i regionen Lombardia i Italia. Fjellet, som er den høgste toppen i Bergamoalpane, ligg på fjellryggen mellom Val Seriana og Valtellina, på grensa mellom provinsane Sondrio og Bergamo. Pizzo Coca har ein primærfaktor på 1878 meter, og fjelltoppen er såleis ein av ultratoppane i Europa.
Italienaren Emilio Torri var i fylgje med fjellføraren Antonio Baroni då dei i 1877 vart dei fyrste til topps på Pizzo Coca.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Pizzo di Coca» frå Wikipedia på tysk, den 16. juli 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads