Placozoar

gruppe av dyr From Wikipedia, the free encyclopedia

Placozoar
Remove ads

Placozoar (Placozoa) er ei rekkje av enkle sjølevande asymmetriske dyr. Dei er dei enklaste dyra som er kjende og er ofte mindre enn ein millimeter på tvers med ei tjukn på kring 20 mikrometer. Dei held seg fast til underlaget og rører seg ved hjelp av flimmerhår, men flyt òg fritt i vatnet.[1] Placozoane oppstod for 750-800 millionar år sidan og vert av mange forskarar rekna for å vera systerkladen til nesledyra og dei tosidige symmetriske dyra. Den fyrste arten av placozoar, Trichoplax adhaerens, vart skildra i 1883.[1] I 2023 var fire artar skildra.[2]

Kjappe fakta
Remove ads

Placozoar er funne nær land i tropiske og subtropiske område. Dei syner låg toleranse for sjøvatn med minska saltinnhald.[1] Dei har mellom seks og ni overordna selletypar.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads