Steinfluger

From Wikipedia, the free encyclopedia

Steinfluger
Remove ads

Steinfluger (Plecoptera) er ei gruppe flygande insekt som lever i tilknytnad til vatn over heile verda. Dei er hemimetabole, og nymfane er viktige planteetarar i ferskvassøkosystem.

Kjappe fakta

Det er registrert om lag 1 600 artar, 35 av dei er funne i Noreg.

Remove ads

Kjenneteikn

Steinfluger er 3,5 til 30 millimeter lange insekt med to par membranøse vengjer dei faldar over bakkroppen når dei sit stille. Dei vaksne insekta har reduserte munndelar, forlenga antenner og som regel to lange, tynne haletrådar. Kroppane er mjuke, og hjå dei fleste artane mørkt farga. Grøngule til gule former førekjem òg.

Nymfane liknar dei vaksne, men manglar vengjer og har meir utvikla munndelar.

Remove ads

Levesett

Steinfluger lever mesteparten av livet sitt som nymfar. Som vaksne lever dei ikkje lenge, men dei tek likevel til seg noko føde før dei formeirar seg. Kort etter paring døyr dei.

Nymfane til steinflugene lever i botnsubstratet i ferskvatn, som regel fest på eller under steinar. Det er dette dei har fått namnet sitt frå. Dei spelar ei viktig rolle både som primærkonsumentar og bytteorganismar i ferskvassøkosystem, særleg i rennande vatn.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads