Armnerveflettverk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Armnerveflettverk
Remove ads

Armnerveflettverket (på latin plexus brachialis, plexus - «flettverk», brachialis - «som høyrer til overarmen») er eit flettverk av ryggmergsnervane som kjem ut frå ryggmergssegmenta C5 til Th1. Etter at dorsal- og ventralrøtene frå ryggmergen har gått saman, går dei saman og dannar tre trunki, deretter tre fasculi og nervane som kjem ut er n. axillaris, n. radialis, n. ulnaris, n. musculocutaneus og n. medianus.

Thumb
Armnerveflettverket vist i den høgre skuldra. Kragebeinet er delvis fjerna for å sjå nervane betre.

Nervane frå armnerveflettverket gir motorisk informasjon til armen og sensoriske signaler att til sentralnervesystemet. Det tilsvarande nerveflettverket for underekstremiteten er sakralnerveflettverket, plexus sacralis.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads