Podlasie-voivodskapet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Podlasie-voivodskapet (polsk Województwo podlaskie eller berre Podlaskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nordaust i landet.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Białystok og Łomża, og halvparten av Suwałki. Namnet kjem frå den historiske regionen Podlasie og voivodskapet med same namn under Det polsk-litauiske samveldet (1569–1795).
Remove ads
Geografi
Podlasie har den lågaste folketettleiken av dei seksten polske voivodskapa og består av store område med urørt natur. Rundt 30 % av området er verna. Den polske delen av Białowieżaskogen ligg i Podlasie. Det er fire nasjonalparkar (Wigry, Biebrza, Bialowieża og Narew), tre landskapsparkar (Suwałki, Łomża-Narew-dalen og Knyszynskogen), 88 naturreservat og 15 verna landskapsområde i voivodskapet.
Remove ads
Byar
Voivodskapet inneheld 36 landsbyar og byar. Folketala i lista under er frå 2006 :[daud lenkje]
1. Białystok (295 210) |
19. Choroszcz (5 416) |
Remove ads
Administrativ inndeling
Podlasie-voivodskapet er delt inn i 17 fylke (powiat), der tre er byfylke og 14 er landfylke. Desse er igjen delt inn i 118 gmina eller kommunar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads