Pointe de Ronce
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pointe de Ronce er eit 3 612 meter over havet høgt fjell i departementet Savoie i Frankrike. Fjellet er det høgste i Mont Cenis-massivet i Dei graiiske Alpane og reiser seg på austsida av Maurienne-dalen, få kilometer frå landegrensa mot Italia. På nordaustsida av Pointe de Ronce er det store isbrear opp langs fjellsidene. Sør for fjellet er eit over 6 km² stort, kunstig fjellvatn.
Fjelltoppen vart nådd fyrste gongen den 15. juli 1784. Den franske botanikaren og meteorologen Robert de Lamanon kleiv då til topps saman ein hjelpesmann, Bouvier.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Punta di Ronce» frå Wikipedia på italiensk, den 17. juli 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads