Pola
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pola (russisk Пола́) er ei elv i Tver og Novgorod oblast i Russland. Elva er 267 km lang og har eit nedslagsfelt på 7 420 km². Elva har ei middelvassføring på 63 m³/s. Elva renn frå Valdajhøgdene og ut i innsjøen Ilmen.
- For byen i Kroatia, sjå Pula.
Remove ads
Dei største sideelvane hennar er Lorinka, Ladomirka, Karpovka, Sjtsjeberikha, Javon, Kamenka, Morevka, Runa og Polomet, alle frå høgre. Sistnemnde er den største av dei.
Den største bustaden langs elva er landsbyen Pola.
Tidlegare vart Pola nytta som ein del av handelsvegen mellom Velikij Novgorod og St. Petersburg.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Пола (река)» frå Wikipedia på russisk, den 31. oktober 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads