Malebodammen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Malebodammen
Remove ads

Malebodammen (tidlegare Stanley Pool etter oppdagaren Henry Morton Stanley, òg kalla Ngobila, Nkunda og Pool Malebo) er ein langstrekt og grunn innsjø, eller meir ei utviding av Kongoelva, som ligg på grensa mellom Republikken Kongo og Den demokratiske republikken Kongo.

Kjappe fakta Land ...

Ved breidda av Malebodammen ligg dei to hovudstadane Kinshasa (DR Kongo) og Brazzaville (Republikken Kongo).

Thumb
Satellitbilde over både hovudstadane, Kongoelva og Malebodammen.

Før Livingstonefalla demmer den vassrike elva seg opp i ein innsjø som er rundt 30 km lang og 21 km brei og på det meste 16 m djup. Malebodammen ligg 272 moh. og har mange skogkledde store og små øyar (m.a. den 180 km² store Mbamu). Dei omkransande fjella kjem opp i 600 moh.

Kongoelva er seglbar frå Malebodammen og oppover til byane Mbandaka, Kisangani og Bangui; nedanfor er ho ikkje seglbar på grunn av fossane og stryka.

Henry Morton Stanley nådde innsjøen den 12. mars 1877 og grunnla her i 1882 Stasjon Léopoldville (i dag Kinshasa), som gradvis vaks frå regionalt handelssentrum og utgangspunkt for ekspedisjonar til storby. Den seinare bygde Kongobanen knyter Malebodammen med hamna Matadi på Atlanterhavskysten.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads