Porsanger kommune

kommune i Finnmark fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Porsanger kommune
Remove ads

Porsanger (nordsamisk Porsáŋggu gielda, kvensk Porsangin kommuuni) er ein kommune i Finnmark fylke. Kommunen er den tredje største i Noreg. Han grensar i nordvest mot Hammerfest og Måsøy, nord mot Nordkapp, i aust mot Lebesby, i sør mot Karasjok, og i vest mot Alta. Han heitte Kistrand kommune fram til 1964, og var del av Finnmark fylke fram til 2020.

For fjorden kommunen har fått namn etter, sjå Porsangerfjorden.
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Porsanger er den einaste offisielt trespråklege og trekulturelle kommunen i Noreg, med nordsamisk, kvensk og norsk som offisielle språk.

Største tettstad og kommunesenter er Lakselv, som ligg inst i Porsangerfjorden. Mindre bygder ligg langs fjorden på båe sider, med Kistrand, Olderfjord, Børselv og Billefjord som dei viktigaste. I innlandet, langs E6 mot nabokommunen Karasjok finn ein Porsangmoen, med Garnisonen i Porsanger, og Skoganvarre. Stabbursdalen nasjonalpark ligg vest for Porsangerfjorden.

Lokalaviser i kommunen er Finnmark Dagblad og Ságat.

Plante- og dyreliv: Valdak [eller Váldatjeaggi ] på Stabbursnes er eit kjent hekkeområde.[1]

Remove ads

Tettstad i kommunen

  • Lakselv - 2 250 innbyggjarar per 1. januar 2024

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for Kistrand/Porsanger kommune frå 1920:

Meir informasjon 1.12.1920, 1.12.1930 ...

Sjå også

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads