Portlaoise
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Portlaoise (irsk Port Laoise, tidlegare staving Port Laoighise, tidlegare namn Maryborough) er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Laois og ligg sentralt på Irland.
Han vart grunnlagd som Fortet Maryborough av dronning Maria I av England og Irland i 1556.
Over heile byen finst det spor etter tida som garnisonsby. Det gamle fengselet har vorte omgjort til eit kultursenter.
I nærleiken av byen ligg Dunamaseklippen, eit keltisk festningsverk som Ptolemaios noterte seg på 100-talet. I 845 vart den dåverande festninga plyndra av vikingar. Det ligg òg tre herregardar i nærleiken: Emo Court, frå 1700-talet og teikna av James Gandon, Ballyfin House, som no er ein privatskule, og Mountmellick.
Portlaoise fengsel er eit høgtryggleiksfengsel som særleg har vorte brukt til terroristar frå Nord-Irland. Etter at amnestiet som vart nedfelt i Belfastavtalen tredde i kraft har det vore færre fangar innan denne kategorien.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads