Portsmouth FC
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Portsmouth Football Club er ein engelsk fotballklubb. I 2010/11-sesongen spelar klubben i Football League Championship, det nest høgste nivået i engelsk fotball, etter å ha rykt ned frå Premier League i 2010. Klubben vart stifta i 1898, og vart vald inn i The Football League i 1920. «Pompey», som er kallenamnet til Portsmouth, spelar heimekampane sine på Fratton Park i Portsmouth. Kystbyen Portsmouth ligg i den engelske regionen Søraust-England, omtrent tre mil søraust for Southampton, og 12 mil sørvest for London.
Remove ads
Rivaliserende klubbar
- Portsmouth sin hovudrival på fotballbana er Southampton. I dei periodane begge laga har vore i same divisjon har «hatet» mellom klubbane blussa opp.
Meritt
- Vinnar av 1. divisjon (gamle 2. divisjon): 2002/03.
- Vinnar av 3. divisjon (sør): 1923/24.
- Vinnar av 3. divisjon: 1961/62, 1982/83.
- Finalist i FA-cupen: 1929, 1934 og 2010.
Engelske landslagsspelarar
Frå 1898 til 2005 har Portsmouth hatt 11 engelske landslagsspelarar. Til saman har desse spela 81 kampar, og scora 9 mål. I 80 av kampane har spelaren frå Portsmouth vore med frå start, og i ein kamp har det engelske landslaget hatt ein kaptein som representerte Portsmouth på klubbnivå.
Klubbrekordar
- Største ligasiger: 9-1 mot Notts County, 9. april 1927.
- Største cupsiger: 7-0 mot Stockport County, 8. januar 1949.
- Største tap: 0-10 mot Leicester City, 20. oktober 1928.
- Flest ligapoeng i ein sesong: 98 poeng, 1 divisjon i 2002/03.
- Flest ligamål i ein sesong (heile laget): 97 mål, 1 divisjon i 2002/03.
- Flest ligamål i ein sesong (spelar): 42 mål, Guy Whittingham i 1992/93.
- Flest ligamål for klubben: 194 mål, Peter Harris frå 1946-60.
- Flest ligakampar for klubben: 764 kampar, Jimmy Dickinson frå 1945-65
- Flest kampar totalt for klubben: 834 kampar, Jimmy Dickinson frå 1946-65.
- Yngste ligaspelar: Clive Green, 16 år 259 dagar, 21. august 1976.
- Tilskodarrekord: 51 385 mot Derby County, 26. februar 1949.
Remove ads
Portsmouth sine managerar
Remove ads
Spelarstall
Bakgrunnsstoff
- Portsmouth si offisielle vevside Arkivert 2002-12-14 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads