Pottemakeri
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pottemakeri er det å tilverkna leire til ulike gjenstandar, kalla keramikk. Ein som lagar slike gjenstandar blir kalla pottemakar eller keramikar. Eit pottemakeri kan også vera verkstaden til ein pottemakar.


Foto: Immanuel Giel
Pottemakeri er ein av dei eldste teknologiane og kunstformene me kjenner til. Det er kjend frå store delar av verda, og er framleis ein viktig industri i dag.
Metodar
Innan pottemakeri er hendene viktigaste reiskapene til å arbeida med og forma leira. Det er også utvikla ulike hjelpemiddel, der dreieskiva er særleg viktig. Ei slik skive er eit rørleg underlag for leira som skal formast, og gjer det mogleg å laga jamn og symmetrisk keramikk.
Soge
Det har vore laga keramikk sidan eldre steinalder, og teknikken er truleg funne opp fleire ulike stader. Den eldste keramikkgjenstanden som er funne er «Venus frå Dolní Věstonice», ein rundt 26 000 år gammal gravettien-kvinnefigur funne i Tsjekkia. Dei eldste krukkene er 17 500-18 300 år gamle og er funne i Yuchanyan-hòla i Kina. Under ubaidperioden, for 8 000-6 000 år sidan, blei dreieskiva funne opp i Mesopotamia.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Krukmakeri» frå Wikipedia på svensk, og «Pottery» frå Wikipedia på engelsk den 15. november 2009.
Bakgrunnsstoff
Denne teknologiartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.