Prättigau/Davos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Prättigau (retoromansk Partenz eller Purtenza) er eit landskap i den sveitsiske kantonen Graubünden. Det består av den 40 km lange dalen til elva Landquart mellom fjellkjeda Rätikon i nord og Plessur-Alpane i sør. Dalen strekkjer seg frå søraust til nordvest. Kryssar ein Wolfgangpasset (1631 moh) øvst i Prättigau, kjem ein sørover til Davos. Flüelapasset (2383 moh.) i aust dannar sambandet til Engadin. Via fotstiar, t.d. over Schlappinpasset (2203 moh.), er det òg kontakt til den austerrikske dalen Montafon i nord.
Saman med kommunen Davos utgjer Prättigau (under namnet Bezirk Prättigau/Davos på tysk og Il district dal Partenz/Tavau på retoromansk) eit forvaltningsdistrikt i Graubünden. Distriktet dekker eit areal på 853 km² og har litt over 26 000 innbyggjarar. Området er nesten reint tysktalende (90 %). I dei to høgastliggjande kommunane (Davos og Klosters) talar ein walsertyske dialektar.
Prättigau/Davos sine nabodistrikt er Landquart og Plessur i vest, Albula og Maloja i sør, og Inn i aust. Dessutan grensar det til Vorarlberg (Austerrike) i nord. Det finst ingen direkte vegsamband til distriktet Maloja eller til Austerrike.
Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Prättigau/Davos består av sju krinsar (Kreise) og 15 kommunar (Gemeinden), som har stor grad av politisk sjølvstyre. Desse er:
Alle folketal og språkandeler byggjer på folketelkjinga frå 2005.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Prättigau» frå Wikipedia på bokmål, den 11. mars 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads