Prærieulv

pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia

Prærieulv
Remove ads

Prærieulven eller coyoten (Canis latrans) er eit mellomstort hundedyr som lever i heile Nord-Amerika. Han er kanskje framfor alt kjend for hylet sitt, som er ein viktig stemningsskapar i westernfilm.

Kjappe fakta
Remove ads

Kjenneteikn

Thumb
Prærieulv i San Gabriel Mountains i California.
Foto: Justin Johnsen

Prærieulven har grå pels med tonar av gult og brunt. Han er svært sjeldan over ein meter lang, og veg mellom 9 og 22 kg. Han skil seg frå andre liknande hundedyr ved å vera mindre og ikkje minst slankare; han treng ikkje vera i fare for å sjå undervektig ut.

Utbreiing

Prærieulven finst i heile Nord-Amerika, bortsett frå heilt aust i Canada. Denne store utbreiinga kjem i store trekk av at menneske har utrydja ulv og raudulv frå store område. Ein finn prærieulv i dei fleste landskapstyper, men han likar seg best når han har buskas å luska i.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads