Praktærfugl
art av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Praktærfugl (Somateria spectabilis) er ei stor marin dukkand som hekkar på tundraen langs nordlege arktiske kystar av Nord-Amerika og Russland aust for Kolahalvøya. Fuglane lever mesteparten av året i kystnære marine økosystem på høge breiddegradar, og trekkjer til arktisk tundra for å hekke i juni og juli.

Remove ads
Skildring
Denne arten er mindre enn ærfugl, ca. 55–60 cm lang og veg 1200–2100 gram. Hannen er umiskjenneleg med den svarte kroppen, kvitt bryst, fleirfarga hovud, oransjegul nebbknoll og kraftig raudfarga nebb i praktdrakt. Hannar har eit rop som er ein djup, vibrerande kurring.
Hofuglen er ein brun fugl, men kan likevel lett skiljast frå alle ender på storleik og struktur. Ho liknar mest ærfuglhoa, samanlikna med ærfugl er hovudet noko kortare enn hos ærfugl, og overnebbet er mørkare og svakt er avrunda, ikkje trekanta som hos ærfugl. Praktærfuglhoa er litt meir varmt raudbrun i farga enn ærfuglhoa.
Umodne hannar er mørke med eit kvitt bryst og ein gul flekk på nebbet. Eklipsedrakta liknar, men manglar det kvite brystet, eller har skittentgrått bryst.
Praktærfugl overvintrar i arktiske og subarktiske marine område, særleg i Beringhavet, Barentshavet, vestkysten av Grønland, austlege Canada og Nord-Noreg. På kysten av Noreg finst dei i størst mengd frå yttersida av Lofoten og nordover. Dei kan treffast årleg på kysten av Skottland og Kamtsjatka. Denne arten dukkar djupt, ned til 20–40 meter, der han tar botnlevande virvellause dyr som krepsdyr, havbørsteormar og blautdyr, med blåskjel som ein favoritt. Overvintrande fuglar kan danne store flokkar på eigna kystfarvatn, med flokkar på over 100 000 fuglar.
Hekkeområda omfattar tundra i arktisk Russland og Canada til nordkysten av Alaska, i mindre mengd på Svalbard og Grønland. Dei legg 4–7 egg i ei grop på bakken som er fora med gras og dun.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «King Eider» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2011
- Torkild Svorkmo-Lundberg; et al. (2006). Norsk vinterfuglatlas: fuglenes utbredelse, bestandsstørrelse og økologi vinterstid, Sideeksempel om praktærfugl og dompap (PDF). Trondheim: Norsk Ornitologisk Forening. ISBN 978-82-7852-073-4.
- Strøm, H. Svalbards fugler. s. 86-191 Svalbards fugler og pattedyr, artikkel om praktærfugl (K. M. Kovacs & C. Lydersen, red.). Polarhåndbok Nr. 13, Norsk Polarinstitutt 2006
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- (no) praktærfugl hos Artsdatabanken
- (en) praktærfugl – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) praktærfugl i Catalogue of Life
- (en) praktærfugl i Encyclopedia of Life
- (en) praktærfugl i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) praktærfugl hos Dyntaxa
- (en) praktærfugl hos Fauna Europaea
- (en) praktærfugl hos Fossilworks
- (en) praktærfugl hos ITIS
- (en) praktærfugl hos NCBI
- (en) Kategori:Somateria spectabilis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Videoar, bilete og lydopptak av praktærfugl hos Internet Bird Collection
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads