President i Pakistan

From Wikipedia, the free encyclopedia

President i Pakistan
Remove ads
Remove ads

Presidenten av Pakistan er statsoverhovud for den islamske republikken Pakistan. Ifølgje den pakistanske grunnlova har presidenten makt til å oppløysa nasjonalforsamliga og lysa ut nyval.[a][1] Denne makta er fleire gonger blitt omformulert i ulike grunnlovstillegg etter fleire militærkupp og utbyttingar av regjeringar.

Thumb
Flagget til presidenten av Pakistan

Det 18. grunnlovstillegget frå 2010 endra styreforma i Pakistan tilbake frå eit halv-presidentielt system til ein parlamentarisk demokratisk republikk. Under dette systemet har presidenten avgrensa makt til å styra, og utfører mest seremonielle oppgåver medan statsministeren har det meste av den politiske makta.[2]

Presidenten blir vald av eit valkollegium frå senatet, nasjonalforsamlinga og provinsforsamlingane.[3] Han kan sitja i stillinga i in periode på fem år. Dersom presidentperioden blir avkorta eller presidenten er borte, tek formannen for senatet mellombels over embetet.[3]

Presidentembetet blei innstifta i 1956.[4] Det blei danna då Pakistan blei utropt til republikk gjennom ei ny grunnlov. Iskander Mirza blei den første presidenten i landet.[5][6] Landet har til saman hatt tretten presidentar (2019), med to mellombels presidentar i kortare periodar i tillegg. Ein av desse, Wasim Sajjad, var mellombels president i to periodar, ein i 1993 og ein i 1997–98.[7]

Sekst presidentar har vore medlm av eit politisk parti, fire av dei i Pakistan Peoples Party (PPP). Den første presidenten var ein pensjonert offiser, fire andre var offiserar i teneste og tre av desse tok makta gjennom militærkupp Ayub Khan i 1958, Muhammad Zia-ul-Haq i 1977 og Pervez Musharraf i 1999.[4][8] President Zia døydde i embetet då flyet hans forulykka medan han vende tilbake frå Bahawalpur til Islamabad denn 17. august 1988.[9][10] Khan, med sine to presidentperiodar, har vore lengst i embetet med rundt ti år og fem månadar.[n 1][11]

Den noverande presidenten i Pakistan er Arif Alvi frå Pakistan Tehreek e Insaf.[12]

Remove ads

Fargar

Meir informasjon Partinamn ...

Presidentar

Meir informasjon No., Bilde ...

Mellombels presidentar

Meir informasjon No., Bilde ...
Remove ads

Merknadar

  1. Oppdatert juli 2017
  2. Til 1962 regjerte Khan under unntakstilstand. I 1965 blei han gjenvald gjennom indirekte val i ei ording kalla Basic Democracy, til ein ny periode.[14]
  3. Musharraf fekk seg sjølv vald til president av valkollegiet.[27]
Sitat
  1. «powers, subject to Supreme Court approval or veto, to dissolve the National Assembly, triggering new elections, and thereby dismissing the Prime Minister»

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads