Primærkjelde

From Wikipedia, the free encyclopedia

Primærkjelde
Remove ads

Primærkjelde er innan historiefaget som akademisk disiplin eit objekt, dokument, manuskript, oppføring eller ei anna kjelde med informasjon som ligg tett på eit emne ein historikar er interessert i å studera. Det kan vera ein førstehandsvitne som har teke del i eller observert hendinga, men der det ikkje finst førstehandsvitne er det kjelda som er tettast på førstehandsvitne.[1] Primærkjelder i skriftleg form er ofte karakteriserte av å vera laga svært nær den hendinga eller tilhøvet dei er kjelder til. Dei tener som originalt kjeldemateriale til informasjon om eit emne.

Thumb
Ulik dokumentasjon frå Wellcome Historical Medical Museum, som kan nyttast som primærkjelder til ulike emne.

Primærkjelder skil seg frå sekundærkjelder, som siterer, kommenterer eller byggjer på primærkjelder. Generelt er all omtale som berre har indirekte kunnskap om ei hending kategorisert som sekundærkjelder, som kan vera utsette for etterrasjonaliseringar og liknande.[2] Ei sekundærkjelde i ein konkret samanheng kan samstundes vera ei primærkjelde i ein annan samanheng, avhengig av korleis han blir brukt.[3] Til dømes kan ei erindring bli sett på som primærkjelde for forsking som omhandlar forfattaren og hans eller hennar syn på samtida, men det kan samstundes vera sekundærkjelde om ein bruker henne som kjelde til kulturen forfattaren levde i. «Primær» og «sekundær» kan sjåast som relative termar, med kjelder kategoriserte i høve til den spesifikke historiske konteksten som blir behandla.[4]:118–246[5]

Remove ads

Bruk av omgrepet i andre fagfelt

Ein liknande definisjon finst innanfor bibliotek- og informasjonsvitskap og andre forskingsområde, sjølv om nokre område bruker ein noko ulik definisjon. I journalistikk er ei primærkjelde ein person med direkte kunnskap om situasjonen, eller eit dokument skrive av ein slik person.

Døme på primærkjelder

Kjelder

Litteratur

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads