Tom Wilson

amerikansk musikkprodusent From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Thomas Blanchard Wilson Jr. (25. mars 19316. september 1978) var ein amerikansk plateprodusent som er mest kjend for arbeidet han gjorde i 1960-åra med Bob Dylan, Frank Zappa, Simon and Garfunkel og The Velvet Underground.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Då han var ferdig med utdanninga ved Harvard University lånte han $900 og starta sitt eige Transition Records, som hadde mål om å spele inn dei fremste jazzmusikarane på den tida.[1] Selskapet gav ut fleire album, mellom anna Sun Ra sitt Jazz By Sun Ra og albumet Jazz Advance av Cecil Taylor.

Gjennom Transition Records fekk han jobb hos United Artists Records i 1957.[2] Han arbeidde seinare ved fleire forskjellige jazz-selskap, som Savoy Records, der han produserte Sun Ra igjen i 1961.[3]

Remove ads

Columbia Records

Som fast produsent hos Columbia Records var Wilson ein viktig person innan folkrock og produserte tre viktige Bob Dylan-album i 1960-åra: The Times They Are a-Changin', Another Side of Bob Dylan og Bringing It All Back Home, samt singelen «Like A Rolling Stone» frå 1965. Wilson produserte òg fire spor på albumet The Freewheelin' Bob Dylan, etter å ha erstatta John Hammond som Dylan sin produsent i 1963.[4]

Wilson produserte debutalbumet til Simon & Garfunkel i 1964,Wednesday Morning, 3 A.M. med hitsongen «The Sounds of Silence». Han tok nytta av ein lokal interesse i songen i Florida og inspirert av den store suksessen The Byrds hadde fått med folkrock-utgåva av Dylan sin «Mr Tambourine Man», tok Wilson den originale akustiske songen til duoen og utan at Simon eller Garfunkel visste om det, la han på elektriske instrument. Denne utgåva vart ein kjempehitt, gjekk heilt til topps på hitlista i USA og var med på å få i gang folkrocksjangeren. Simon and Garfunkel hadde på denne tida lagt ned duoen, men kom saman då songen deira gjekk til topps og gjekk vidare til ei stor karriere.

Remove ads

Verve Records

I 1966 signerte Wilson Mothers of Invention til Verve Records og er tilskriven som produsent på debutalbumet deira Freak Out!, sjølv om ein reknar med at Frank Zappa, leiaren i bandet, gjorde det meste av produksjonsarbeidet.

Tom Wilson produserte òg The Velvet Underground, med Lou Reed, John Cale, og Nico. Andre band hand produserte for Verve var debutalbumet til The Blues Project Projections (1966) med Al Kooper som vokalist og keyboardspelar. Wilson var medprodusent på debutalbumet til Soft Machine, kalla The Soft Machine med Chas Chandler i 1968.

Wilson døydde av eit hjarteattakk i Los Angeles i 1978.

Remove ads

Ettermæle

Wilson vert rekna som ein viktig produsent (i lag med Phil Spector, George Martin, Brian Wilson og Teo Macero) i 1960-åra. Han vart sagt å vere særs flink til å «setje dei riktige personane saman for dei riktige prosjekta».[5]

Wilson gjorde viktige bidrag til rock-stilen til Dylan på og produserte dei første rockesongane hans på Bringing It All Back Home. [6]

Utvald diskografi

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads