Profeten Elia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Profeten Elia
Remove ads

Profeten Elia, tidlegare skrive Elias, var ein sentral profet i Nordriket i Israel medan Akab var konge, på 800-talet fvt. Han gjekk til åtak på dyrkinga av den kanaaneiske guden Ba'al som vart praktisert ved hoffet, og gav støyt til ei ny utvikling av den israelske gudsdyrkinga.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Tradisjonen som er knytt til profeten Elia, overdriv truleg den historiske rolla hans, ved at hendingar som mest truleg har skjedd etter Elia si levetid, er blitt knytt til profeten sjølv. Blant desse hendingane er drapet på Ba'al-profetane på Karmel, omtalt i Fyrste kongebok[1] og historia om enkja i Sarepta[2] som meir sannsynleg kan knytast til etterfølgjaren hans, Elisja.

Tradisjonen framstiller Elia som ein ny Moses, og det er mange parallellar i tekstane om Moses og Elia.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads