Protea compacta

From Wikipedia, the free encyclopedia

Protea compacta
Remove ads

Protea compacta er ein blomsterplante i slekta Protea. Vekseområdet er frå Kleinmond til Bredasdorpfjella. Han har oppovervende blad og er ganske lik Protea eximia. Arten er ein av dei best kjende proteane i snittblomeindustrien.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Thumb
Protea compacta-busk

Protea compacta er ein populær snittblom på den lokale marknaden i Sør-Afrika, der den er kjent under det alminnelege namnet Bot River protea. Det naturlege habitatet er eit område i den sørvestlege Kapprovinsen. Ein finn planten på høgder mindre enn 100 meter over havet, i næringsfattig sandjord som generelt har god drenering og fører til sur jord. Planten har ein tendens til å vekse i tette grupper der stenglane støttar kvarandre.

Planten kan dyrkast i veldrenert sur jord, og toler litt frost og sjøsprut nær kysten. Ferske frø spirer lett, og stiklingar frå halvtreaktige delar av planten frå tidleg vår til haust gror lett. Gjestar til Sør-Afrika kan sjå dyrking av planten ved å køyre langs kysten frå Gordon's Bay til Hermanus.

Voksevanar

Protea compacta er ein opprett, slank busk med ein tendens til å spreie seg utover på næringsrike jordartar. Han kan ha lange stenglar som kan bli opptil 3,5 meter høge. Kvar busk er relativt kortliva – gjennomsnittsalderen er ca. 10 år.

Thumb
Protea compacta i sitt naturlege habitat nær Hermanus i Sør-Afrika.

Blad

Planta har distinktive blad som er ca. 100 mm lange og 50 mm breie. Blada er mjuke og hårete når dei er unge, men blir etterkvart lêraktige og glatte. Bladsidene er heile og ofte raudlege. Blada sit nær stengelsen, noko som gjer at planta ser vakker ut.

Blomster

Thumb
Blomster av Protea compacta.

Blomsteren har ein slåande rosa farge og er forma som bollen på eit vinglass. Det ytre korgdekkbladet kan bleikne nedover mot basis. Han kan vere opptil 120 mm langt og opptil 90 mm i omkrins. Blomsteren sit øvst på ein ca. 50 cm lang stengel. Blomstringsperioden er tidleg vinter til midt-vinters, men kan av og til blomstre på andre tider av året. Fargen på blomsten kan variere sterkt i intensitet og det finst variantar som er naturleg kvite. Høgblada er svakt gjennomsiktige, noko som gjer at det set ut som at blomsten stråler når ein ser den mot sola.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads