Protea neriifolia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Protea neriifolia
Remove ads

Protea neriifolia, på engelsk oleanderleaf protea, er ei blomsterplante som er endemisk for Sør-Afrika.

Thumb
Busk av Protea neriifolia.
Thumb
Protea neriifolia med raudt blomsterhovud.
Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Planten er ein stor busk som kan bli mellom 3 og 5 meter høg. Blomsterhovudet varierer i farge frå rosa til kremgrønn med ein svart kant som gradvis går over til kvitt.

Utbreiing

Protea neriifolia finn ein på jordsmonn som er danna frå sandstein i dei sørlege kystfjella i Sør-Afrika, mellom Cape Town og Port Elizabeth. Arten veks på høgder frå havnivå opp til 1300 meter.

Økologi

Arten blir pollinert av ulike insekt, mellom dei proteabiller og skarabéar, i tillegg til fuglar som er tiltrekte av insekta og nektaren i blomstrane.

Taksonomi

Sjølv om arten vart oppdaga av europearar i 1597 og vart avbilda på ein botanisk illustrasjon i 1605, var det ikkje før i 1810 at planta vart skildra som ein eigen art av botanikaren Robert Brown.

Mellom andre vanlege namn på denne arten er baardsuikerbos, baardsuikerkan og blousuikerkan.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads